Beitedyr - kjøtt og kulturlandskap!
Norge er no i ein situasjon med stor underdekning på storfe- og lammekjøtt, samstundes som store areal er under attgroing. Husdyra blir konsentrera på færre og større einingar, og talet på bruk i drift går ned. Utviklinga gjer at beiteressursane på tidlegare kulturmark i mange tilfelle ikkje blir nytta. Dette gjeld kanskje spesielt areal i beltet mellom den fulldyrka marka og utmarka, men også i mange andre landskap er det behov for meir beitedyr. Landbruket rolle som skjøttar av kulturlandskapet blir stadig viktigare, både for bonden, innbyggjarane og turistnæringa.
Med bakgrunn i dette har Bondelaga og Bonde og Småbrukarlaga i Telemark og Agderfylka sett i gang samarbeidsprosjektet "Beite som ressurs for landbruket og bygda.
Prosjektet er organisera med eit hovudprosjekt, og 10 delprosjekt i utvalde pilotkommunar. I Telemark er kommunane Vinje, Tokke, Nissedal, Hjartdal og Tinn slike forsøkskommunar, i Aust-Agder er dette Valle, og Gjerstad/Risør, mens det er Sirdal, Lyngdal og Lindesnes/Mandal som er pilotar i Vest-Agder. Kommunane vil legge til rette for prosjektarbeidet gjennom økonomisk støtte eller eigeninnsats frå landbrukskontora, verdsett til kr 150 000,- kr i året i to år, samstundes som LMD (Landbruks- og matdepartementet) støttar kvart delprosjekt med 50 000,- kr årleg.
Du kan lese meir om prosjektet her:
Artikkel i medlemsblad Telemark Bondelag
Prosjektplan
Brosjyre
Pressemelding oppstart


