Mail til beiteprosjektet Mail til beiteprosjektet Mail til beiteprosjektet lam og neuppigard

Beiteprosjektet i Agder og Telemark Landbrukets Hus Bøvegen 271, 3810 Gvarv

Tlf 95 17 00 96

beiteprosjektet@bondelaget.no

 

 

 

 

Gjerstad - Risør

Kommunane Gjerstad og Risør har, og har hatt, felles landbruksforvaltning. Landbruket i dei to kommunane står ovanfor dei same utfordringane sjølv om Gjerstad er innlandskommune og Risør er kystkommune.


Landbruksforvaltninga i Gjerstad og Risør fekk informasjon om beiteprosjektet i Agder og Telemark når ein var i ferd med å sluttføra arbeidet med landbruksplan for Gjerstad kommune. Før arbeidet med landbruksplanen tok til vedtok Kommunestyret eit planprogram. I plan-programmet fokuserte ein på kulturlandskapet og den aukande tilgroinga.

Næringa og kommunen har i mange år snakka om å få til betre og meir effektiv beitebruk i kommunen. Eit av tiltaka i landbruksplan vart dermed å søkja om å få vera med som pilotområde i beiteprosjektet. Kommunestyret vedtok landbruksplanen i juni 2007.

Risør kommune har ein landbruksplan frå 2004/2005 som òg legg vekt på kulturlandskapet og problema knytta til auka tilgroing.

gjerstad

Før søknaden vart sendt vart prosjektet drøfta med bondelaga i dei to kommunane samt med næringa på ein bondecafe i regi av landbruksforvaltninga. Det kom mange innspel på utfordringar som landbruket står ovanfor som òg kan relaterast til beiting og beitebruk:

I styringsgruppa for prosjektet er dei to bondelaga representerte samt representantar frå begge kommunane med landbruksforvaltninga som sekretariat.

Tanken til styringsgruppa er å finna beiteområder som er av ein slik storleik at det kan vera interessant for husdyrprodusentane å frakta dyra dit. Ein vil vurdera beiteområda ut frå at tiltaket skal vera positivt for bøndene, innbyggarane og turistane.

Styringsgruppa har lagt vekt på fylgjande moment når områda vart plukka ut:

For styringsgruppa er det svært viktig at ein ikkje gapar over for mange område. Prosjektet skal sluttførast ved årskiftet 2009 – 2010. Ein vil derfor velja område der ein meiner ein kan få til noko i løpet av prosjektperioden.

Ein ser prosjektet som starten på noko positivt for næringa. Dersom ein kan samarbeida om beitebruk i beitsesongen kan ein sjå føre seg ei utvikling av samarbeidet på andre områder (driftsfellesskap på vinteren mtp ferie/fritid, forhausting mtp redusert transport)

Styringsgruppa har utarbeida hovudmål og delmål for beiteprosjektet i Gjerstad og Risør.

Hovudmålet for beiteprosjektet i Gjerstad og Risør

Beiteprosjektet i Gjerstad og Risør skal medverka til å auka talet på beitedyr i kommunen ved å leggja til rette beiteområde for nye driftsformer samstundes som friluftsinteresser og omsynet til det biologiske mangfaldet vert sikra.

Delmål for beiteprosjektet i Gjerstad og Risør


Beiteprosjektet i Gjerstad og Risør skal:

 

I Gjerstad vil styringsgruppa prioritera å arbeida med beiting på Vestøl, Melaas/Landsverk og Røed.

I Risør vil styringsgruppa prioritera å arbeida med beiting på Søndeled, Akland og Frøyna.

Ein er no i gang med og kontakta grunneigarane i dei aktuelle områda. I januar vil ein gjennomføra møter med grunneigarane og eventuelt andre samarbeidspartar for kvart av dei utplukka områdene. Føremålet med møtet er å bringa på det reine om det er ynskje om  beiting i området og i så fall på kva vilkår beiting skal/kan skje.

Meir info:

Prosjektplan Gjerstad-Risør

Prosjektsøknad Gjerstad - Risør

Omtale i Aust-Agder Blad