Austbygde, Tinn
Tinn Austbygd er pilotområde i Tinn. Innanfor dette arealet vil ein satse på mindre avgrensa område der det ligg til rette for og er interesse for samarbeid mellom husdyrbrukarar og grunneigarar.
Hovudutfordringar i Tinn er:
- Det må arbeidast for å få fleire beitedyr for å lykkast med å oppretthalde kulturlandskapet.
- Det må utarbeidast ein plan for å ta vare på og skjøtte det opne landskapet, som omhandlar arrondering av areal og teigar, system for bruk av beitene, transport av dyr mellom beiteområda, gjerding/rydding m.m.
- Korleis sørge for tilstrekkelig beitetrykk utan at det går utover tilveksten til dyra.
- Tiltaka må kunne føre til betre økonomi i husdyrhaldet direkte, og/eller som alternativ økonomi, eksempelvis ved å utvikle reiselivet i området.

Kontaktperson i Tinn er Barbro Stordalen tlf 90642304, epost: post@stordalen-gardsbruk.no
Meir info:


